Hopp til hovedinnholdet

Informasjon

Samnanger kommune ønskjer å lage ei samla oversikt over faste fritidsaktivitetar for innbyggarane i kommunen. Oversikta vil gjera det enklare for innbyggarar i alle aldrar å finne fritidsaktivitetar, og veta kva tilbod som fins. Samstundes kan dette bidra til rekruttering i frivillige lag og organisasjonar, og synleggjera om det er nokre grupper som ikkje har eit tilbod. Bidrag til oversikta er sjølvsagt frivillig, men me håpar at dette opplevast som relevant for dykk! I første omgang vert oversikta publisert på Samnanger kommune si heimeside. Om det vert behov for andre informasjonsplattformar må me sjå etter kvart.